BAND

Villskudd

Headliner på Slåtterock 2025

Image Description

Vi er kjempeglade for å kunne fortelje at vi har booka Villskudd igjen i år til Slåtterock, og vi ser verkeleg fram til å ha dei med oss nok ein gong!  


Villskudd er på kort tid blitt eit av dei mest spennande namna i den norske rockescena, og med sin unike stil som kombinerer det beste frå rockens storheitstid med ei personlig og oppriktig tilnærming, har dei klart å skape eit lydbilete som både kjennest nostalgisk og friskt på same tid.  


Bandet beskrives ofte som eit band med punka holdning og eit namn som treff blink: alt er lov, så lenge det låter bra. Musikken spenner frå skranglete rock'n'roll til meir melankolske og jazzblues-inspirerte låtar. Dei er kjende for å la låtene utvikle seg fritt, med variert vokal og eit lydbilde som inkluderer saksofon, trompet og rullande tangenter.  


Villskudd består av David William Øynes (vokal og bass), Alf Kippersund Nordseth (trommer), Carl Anders Sørheim (gitar), Markus Lierhagen (gitar) og Johannes Gartland (tangenter). Dei har også hatt med seg gjesteartistar som Tova Karina på vokal, og blåsarar som Vetle Bjørnstad og Torstein Nystrøm.  


Dei debuterte i 2023 med albumet *Alt er annerledes*, produsert av Ole Kirkeng, og har raskt fått merksemd for sin evne til å hente fram det beste frå 60-talet sitt rock – med referansar til artistar som Bob Dylan, Neil Young og Tom Waits, men alltid med ein eigen vri og på norsk. Oppfølgjaren *Det kommer til å regne snart* (2024) viser eit band i stadig utvikling, med låtar som «Slikke våre sår» og «Godsakene» som har blitt blant årets beste norske rockelåtar.  


Musikken deira spenner frå kraftfullt rock til slentrande pianoballadar og jazzblues, med tekstar som ofte handlar om kjærleik, tru, tvil og kaotiske kjensler – formidla med ein særegen rennesteinspoesi. På scena leverer dei alltid med stor energi og tilstedeværelse, og har rykte på seg for å vere eit av landets mest dynamiske band.  


Vi er veldig stolte av å kunne ha dei med oss igjen i år, og ser fram til å oppleve energien og lidenskapen dei vil bringe til Slåtterock i Vevring. Det er verkeleg eit band som representerer den nye norske skranglerocken, og vi er sikre på at de vil bli eit av høgdepunkta på årets festival!

- Team Slåtterock